søndag 7. november 2010

Ein herleg dag i "Skrukkevika"

Nydeleg ver, godt selskap, flugestong, bellybåt. Dette måtte bli ein bra fiskedag, men som alltid var det eit moment av uvisse i det vi sjøsette båtane; Kanskje var veret FOR bra, for det var lite aktivitet samanlikna med elles. Vannstanden var nær perfekt, men fråveret av vak var rett og slett urovekkande.

Likevel starta dagen lovande med lugg for begge fiskarane etter berre få kast, men som så ofte før roa det seg raskt. Det var mykje blindkasting og venting på at forholda skulle betre seg. Med kaffi på termosen og flott natur rundt seg er venting forsåvidt ikkje det verste ein kan gjere. Det er rett og slett ei flott naturoppleving å ligge og duppe rundt i bellybåten.


Etter å ha prøvd ulike rekevariantar, juletre og utallige andre flugevariantar, var vi i ferd med å gje opp "Skrukkevika" for denne dagen. Men så kjenner eg eit lugg og der satt den! Men ikkje på mi fluge... Bonden frå Brunlanes leverte igjen. Ein fin og blank 600 grams SØ som let seg lure av ei glimmerreke berga dagen. Eg skulle gjerne hatt ein tilsvarande, men det blir kanskje neste gong?
Og dette seier noko om det som gjer flugefiske så spennande og flugefiskarar til ein undereleg rase. Det går frå kolsvart til rosenraudt, frå desperasjon til håp på eit mikrodels sekund!  Veldig ofte er det nemleg slik at ein er i ferd med å gje opp, men så, som frå ingenting, merkar ein eit lugg, ein ser eit vak eller får eit anna teikn frå oven som gjev fornya tru. Dette går så fort at det er heilt uforklarleg. Det må opplevast.

Så dagen i "Skrukkevika" vart tipp topp den, og neste tur er under planlegging. Eg håpar på meir enn tre lugg då.

onsdag 3. november 2010

"Frustrerte Fluer" på Gol. Juni 2008.

Kom over ein tekst frå ein fisketur vi var på for eit par år tilbake. Tenkte denne kunne gjere seg på bloggen. Den skildrar på mange måtar kvardagen til ein flugefiskar... Hadde dessverre ikkje bilete frå denne turen liggande...  

"God tru no. Alvorlig god tru no. Corollaen ga det den makta på ferda mot Gol. Rapportane frå fortroppen bekrefta det vi alle hadde drøymt om. Vi var komne til eit eldorado, nærast eit nirvana for oss frustrerte fluer. Det var allereie tatt to aurar som bikka halvkiloen. Og det tidleg torsdag kveld. Vi hadde heile helga til å gjere det som no var å rekne som 100 % garantert bombesikkert; kilosfisk! Kanskje tokilos! Halvkilos var snart å rekne som småfisk! For ei helg dette skulle bli. Corollaen ytte på snodig vis enno litt meir den siste etappa oppover.

Endeleg i basecamp. Jon Reiel og Jan Petter som låste opp bommane for meg, sette kursen rett ut att i felt. Dei hadde spotta ein fisk. Og den var stor! Eg rigga stonga, og etter eit kjapt klesskift var eg klar. Marsja opp til Øvre Dyretjern for å treffe dei andre. Vegard og Odd Arild var i ferd med å pakke ned i det eg kom. Dei andre var i full gong med fiske. Stadig optimistar. Eg slo meg ned i lag med Kåre og guiden, Per. Tok ein akevitt og preika litt, før eg testa stanga nokre kast. Ikkje antyding. For seint ifølgje guiden. Jaja… Det er no berre fyrste kvelden. God tru!

Ved hytta låg dei aller fleste strak ut i lyngen, mens Odd Arild og Vegard var i båten og fiska med haspel, knaspel, raspel eller kva det no heiter… Dei fekk nokre småfisk, men ellers vart dei berre sitjande att med skamma.

Resten av kvelden vart nytta til sosialt samvær til ut i dei seine nattetimar. Triveleg. Var ikkje direkte opplagde fredag morgon, men vi pakka sekkane og fire av oss gjekk til av garde til eit lurevatn guiden skulle vise oss medan dei andre fiska i Øvre Dyretjern.

Etter ein 25 minutts marsj kom Kåre, Jon Reiel, Jørn Stian, Per og eg fram til lurevatnet. Nokre få vak, men ikkje utprega klekking. Per anbefalte markfiske, noko enkelte av oss prøvde, medan vi andre sverga til flugestanga. Resultatet kan vel seiast å vere så som så. Guiden hadde meir hell enn oss utskremte frustrerte fluer. Han landa relativt tidleg ein aure like over kiloet. Etter ei pause drog han opp ein til på knappe halvkiloet. Begge på markdrag. På slutten av økta tok klekkinga seg noko opp, og Per hadde tru på godt fiske her seinare på kvelden. Då skulle gruppe to overta. Dei hadde til no vore på Øvre Dyretjern utan betre utbyte enn det vi kunne vise til.

Ikkje heilt uventa tok det til å regne etter at middag og middagskvil var unnagjort, og temperaturen sank dermed betrakteleg. Noko som medførte at den forventa oppturen uteblei. ”Får ikkje fisk på fluge i slikt ver”, konkluderte vi med. Gruppa som tidlegare på dag hadde vore i ØD, såg seg ikkje syne med å gå heilt inn til lurevatnet då klekkinga såg ut til å utebli. Dei fiska difor i Langevann og i Vidkultjønn, utan særleg hell. Fiskeøkta vart difor avslutta med kastetrening. Her viste det seg at Terje hadde ei ”møkastong”, og at han eigentleg er ein rev til å kaste, berre utstyret er i orden.

Vi som var i ØD på kvelden såg ein del vak, men utan å få tilslag på fisk. Når det i tillegg kom enno ei regnbyge, datt temperaturen ytterlegare, og ekstraguiden Kristiansen konkluderte med at no er det håplaust, det er berre å gje seg. Ikkje eit vak å sjå, og etter nyerobra kunnskap frå Kristiansen vedr. tørrflugefiske, sa vi oss einige. Som Kristiansen sa; Skal ein fiske med tørrfluge nyttar det ikkje å blindfiske. Då er det fisking i vak som gjeld. Nyttig lærdom. Berre så fortvilande at det skulle ta så mange år, og så mange blindkast, før vi lærte dette…

Etter ein utbytelaus tur møtte vi dei andre ved hytta. Stemninga var framleis god, om enn med noko synkande tru. Terje hadde fått seg ein opptur då han hadde oppdaga at det ikkje var teknikken det var noko gale med, men stanga. Vegard og Jon Reiel flaut på halvkilos auren frå kvelden før. Vi andre klamra oss til kilosfisken til Per. Fisken er der tydelegvis, men trua på at vi skulle fange desse på tørrfluge, var ikkje fullt så stor som tidlegare…

Dei fleste av oss var i ferd med å justere ned målsetjinga for turen då Per kunne fortelje om eit vatn, Mattismotjern, der ein kunne få fisk på 3- 4 kilo. Kanskje ikkje på fluge, men at det var mogeleg å ta fisk på kiloet, kanskje to kilo, her, det var det ikkje mykje tvil om. Ulempa var at det berre var plass til tre fiskarar der. Vi tok sikte på dette vatnet på laurdagen, og det vart difor trekt lodd, og dei tre heldige var plukka ut. Vi andre skulle fiske i Kroktjern, eit vatn like ved. Her var det ifølgje Per mykje, men ikkje fullt så stor, fisk. Etter ein diskusjon internt, konkluderte vi med at vi ville gå til Mattismotjern alle saman. Taktikken var å pare opp to og to, og fiske på rundgang. Her var det trass alt snakk om så mykje og så stor fisk at dette var grei skuring. Vi vart sikkert lei av å dra opp fisk uansett, og difor kunne det vere greitt å byte på. Trua var på veg opp att.

Ein ting var i alle fall sikkert. Ved Mattismotjern skulle det kun fiskast på vakande fiske. Blindfiske var uaktuelt. Dødssynd.

Laurdag morgon. Sekkane vart pakka, bilane rigga, og turen gjekk retning Gol for å handle inn litt ekstra proviant. Haspel-,  knaspel-, vaspelutstyret vart liggande att på hytta. Unntaket var for slukfiskarane Vegard og Odd Arild. Det hadde synt seg at desse karane aldri går ein stad utan denne primitive mataukreiskapen.

Etter ein kort marsj kom vi til eit nydeleg vatn. Det vaka friskt i det vi kom opp, og etter ny loddtrekning vart dei ulika para tildelt soner rundt vatnet. Para var; austlendingane Vegard og Odd Arild, Jørn Stian og onkel Jon Reiel, Jan Petter og bror Terje, Kjetil og ein ”tidlegare kamerat”, Kåre. Spenn klar, god tru, og med nyerverva lærdom om kun å fiske på vak så kunne ikkje dette slå feil…

Om det er uflaks eller rein skjær udyktigheit veit eg ikkje, men det såg ut til at vi ikkje skulle lykkast no heller… Kva er gale? Er det kastinga? Presentasjonen? Flugeval? Temperatur? Kva gjer vi feil?? Spørsmåla var mange, og frustrasjonen var i ferd med å bygge seg opp, medan trua var i ferd med å forsvinne i runnane som så mange fluge allereie hadde gjort… Det hjelpte litt at Jon Reiel på forunderleg vis klarte å kroke ein fisk med ein maurimitasjon.

Det var på tide med ei matpause. Frustrasjonen i gruppa var til å ta og føle på… I pausen kom ein lei trekk, og det som eventuelt var att av tru, var no berre eit ørlite halmstrå… Vegard og Odd Arild nytta pausa til fisking med ”12 grams nymfer”, noko som resulterte i fleire fine aurar rundt halvkiloet. Er det verkeleg slik at det kun er sluk og kroking som fangar fisk her?

Det vart opna for blindfiske. Vi fekk ikkje fisk ved å kaste på fråverande vak uansett…

Dei ulike konstellasjonane fordelte seg rundt i sine respektive soner. Det vart spotta enkelte sporadiske vak, men ikkje noko som såg ut til å la seg lure. Det meste av fluger vart prøvd, men den forventa suksessen uteblei. Frustrerte no… Verkeleg frustrerte… Vegard var vel omtrent den einaste som såg ut til å behalde ei viss tru. Kanskje ikkje rart då han hadde fått landa fisk på både sluk og fluge… Seinare på kvelden vart vi i tillegg innvidde i oppskrifta til Vegard på ein vellukka tur. Turen er fyrsteprioritet, å få fisk er underordna, ein bonus. Vi som til no har fokusert på å få fisk, innsåg kanskje at vi mogelegvis burde revurdere inngangen til desse turane. Mindre opphausing? Meir fokus på turen? Mindre fokus på kilosfisk og målsetjing? Kanskje det bør prøvast neste gong?

Kvelden vart nytta til planlegging av neste års tur. Kvar dette vert, er i skrivande stund uvisst. Det einaste som er sikkert er at vi forhåpentlegvis har lært noko på denne turen. Trua er garantert tilbake til neste gong, sjølv om den akkurat no er fråverande, og sjølvtilliten som flugefiskar er på botnen. Kan ikkje kaste, kan ikkje lese vatnet (eller elva for den del), veit ikkje kva fluge ein skal bruke, feil utstyr, for mykje makt, for lite makt, grisehalar, hekting. Frustrert.

På søndag var det, naturlegvis, altfor kaldt til å fiske. Ikkje eit vak, og like under 10 grader. Ikkje uventa. Etter at hytta var vaska, og bilane pakka, tok vi difor turen til glasblåsarverkstaden til Per for ein liten demonstrasjon. Imponerande handverk, og det vart bestilt cognacglas med logo. Alltid godt å trøstehandle litt.

Etter besøket hos Per, sette vi kursen heimover. Noko nedbrotne, men som alle som har prøvd seg på flugefiskesporten; det går opp og ned, og neste gong blir det fisk. Kilosfisk. Garantert. Eller…?

Corollaen gjekk tråare heimover. Skuffa og vonbråten. Trua var vekk. Eg kjem heim, ”fesklaus”. Nok ein gong."

Dei frustrerte flugene på Gol var.
Jan Petter, Terje, Jon Reiel, Jørn Stian, Odd Arild, Vegard, Kåre, Kjetil 

tirsdag 2. november 2010

Neste tur?

Det stadig tilbakevendande spørsmålet; kor tid skal vi ta neste tur? Ambisjonen er ein fisketur i veka. Dette er ambisjonen, og let seg på langt nær alltid foreine med jobb og familieliv. Men bank i bordet. I haust er ikkje eg langt unna ambisjonsnivået. Det er berre å halde dampen oppe. Neste tur vert til helga. Skrukkevika skal besøkast. Denne gongen med Bellybåt. Dette har eg tru på vert ein FRAMIFRÅ dag. Mr. Pedersen har og fått innvilga dispensasjon frå gardsdrifta, så no er trua på topp. Rapport kjem.

Austlandet - Kva no?

No er det veldig lenge sidan eg har vore innom denne sida. Denne sida har fram til no dreia seg mest om prosjekt eg har vore involvert i på Vestlandet. Men sidan sist har det skjedd ein del i familien Lønnebakke Tennebø. I september flytta vi austovar att og vi bur no i Larvik. Eg har tatt til i ny jobb hos PV arkitekter as (www.pvarkitekter.no), Emrik har byrja i ny barnehage og Tonje er heime med Ella.

Dei fleste Vestlandsprosjekta mine nærmar seg avslutning, og eg trur difor at bloggen no vil endre innhald. Eg vil framleis nytte den til å dokumentere enkelte prosjekt eg er involvert i, både her og der, men eg trur sida no vil gå i retning av å innehalde meir stoff knytta til familie og fritid. Framfor alt flugefiske. Det har nemleg vorte ei HØGT PRIORITERT oppgåve å få fiska meir etter at vi flytta på oss. Så forhåpentlegvis kjem det snart bilete av både ein og to sjøaurer på denne sida. Eg har vore nokre turar allereie, og har faktisk kjent drag i snøret. Meir om dette etterkvart.