søndag 23. oktober 2011

PV arkitekter as i Paris

Årets studietur for PV arkitekter as gjekk til Paris. Vi deltok på NAL sin studietur til "Det ukjente Paris". Ein framifrå tur som kan anbefalast på det sterkaste dersom den vert arrangert igjen. Legg ut nokre få smakebitar her. Fleire kjem kanskje...


 




Nordvestvinduet - Offisiell opning

Lenge mellom kvar gong denne bloggen vert oppdatert ser eg. Men uansett; Norvestvinduet er no offisielt opna; http://www.bygg.no/2011/10/nordvestvinduet-aapnet-ny-fabrikk. Dette er eit prosjekt eg gjorde for Rådg. ing. Ragnar Hagen AS. Prosjektet omfattar tilbygg til og ombygging av eksisterande administrasjonslokale for Nordvestvinduet, samt etablering av parkeringsdekke. I tillegg vart det utført fasaderehabilitering på delar av produksjonslokalene.

Tomta som ligg mellom Nordfjorden og riksveg 15 er med dette bokstaveleg tala full! No er det faktisk ikkje plass til meir.

Legg ut oppdatert link frå Byggeindustrien når denne ligg føre. Skal og prøve å få lagt ut litt eigne bilete etterkvart.

tirsdag 5. april 2011

Sjøørretkonkurransen 2011

Det vart ikkje eg som gjekk av med sigeren i Skitt Fiske sin årlege sjøørretkonkurranse år iallefall... Det var vel heller ikkje å rekne. Eg var jo debutant. Dagen var prega av tåke, lett yr og moderat med vind. Summen er at det vart relativt surt og kaldt. Men nok ein gong; godt selskap og kaffi gjer underverk. Betre lukke neste år...

Sesongstart 20.03.2011

Endeleg var sesongen i gong. Alt for kaldt i vatnet, rusten kasteteknikk og ikkje eit vak å sjå. Men nydeleg ver, fantastiske omgjevnader, godt selskap og rikeleg med kaffi gjorde det likevel til ein strålande dag.
No går det mot vår, og eg ser verkeleg fram til fortsetjinga. Og det er faktisk ikkje veldig lenge til vi snakkar tørt heller!
Fantastisk!


Slit med bileterotasjon (mobilopplasting)... Uansett; flotte forhold!


fredag 18. mars 2011

Ventetida over?

Ein lang vinter går altfor sakte, men likefullt sikkert mot slutten. Ute skin sola, snøsmeltinga er godt i gang og temperaturen kryp stadig lenger opp på den raude delen av skalaen. Det var rett nok eit skikkeleg slag i andletet at det kom snø i formiddag, men no skin sola og det vesle som la seg forsvinn nok raskt.
Forholda ligg til rette for ein strålande dag i felt i morgon. Meldingane seier sol, 5-7 pluss og vindstille. I tillegg er det fullmåne, og eg er alvorleg fiskesugen! Sjøtemperaturen er nok i lavaste laget, men det vert uansett godt å få lufta stanga og komme i gong med kastetreninga før det som er virkelig viktig tek til; TØRRFLUGESESONGEN! Men før det håpar eg å få sjå ein sjøaure eller to.
Gler meg!

Inspirasjon