Om meg

Eg er opprinneleg frå Deknepollen i Vågsøy kommune. Etter fleire år på austlandet, flytta eg med familien tilbake til Vågsøy i 2008. Her hadde vi to flotte år, men av ulike årsaker vert det retur til Larvik i 2010. Her bur og arbeider vi no, og har det veldig bra med det.
På fisketur
Gift med Tonje, og saman har vi ein son, Emrik som vart fødd i 2007, og vi fekk ei lita jente i april 2010. Det er stor stas:)
Emrik
Ella
Mira

Utdanna sivilarkitekt ved NTNU i 2002. Tok diplom med emne "Arkitekten og samspel - Rettleiing i bruk av samspelmodellar". Har i utdannig og yrkesval fokusert på korleis arkitektar kan få større påverknad i byggeprosessen. Har i tillegg til å arbeide som prosjekterande arkitekt, lagt vekt på byggje-og prosjektleiing i utøvinga av faget.